En ukrainsk drone rammer et russisk fly dypt inne i Russland. Stillbilde fra video: Kilde i Ukrainas sikkerhets­tjeneste via AP / NTB.

Eg vil ikkje ha Putin som tsar i Norge. Men takke meg til norsk statsfinansiert krigs­propaganda i NRK?

Ukrainske foto av angrepet på russiske strategiske bombefly i Sibir og ved Murmansk sendte sjokkbølger inn i det norske folk. Tanken var at nordmenn skulle tenke: «Wow, så flink og tapper Zelenskyj er».

Somme av oss undra oss over at øydelagte eldre TU-95 bombefly vart sett på som eit krigstrofé. Dette er jo utklassa gamle propellfly, dei første bygde på 1950-talet? Bygde etter modell av amerikanske fly som teppebomba Berlin in 1944–45.

Den norske tanke: Det ville vel være typisk russisk å bygge det strategiske atomforsvaret sitt på slikt? Bileta og videoane planta i nordmenn sine hovud var mynta på å få det norske Stortinget til å gje full gass i retning Moskva. Utan å ha verken soldatar eller våpen for eit slikt felttog.

Det du aldri får sett på NRK, er moderne russiske bombefly som kan senke amerikanske hangarskip. Av typen Tu-22M3M. Dei er nyleg utrusta med hypersoniske rakettar. Desse flya er klare til bruk 24/7, og står parkert inne i hangarar som ikkje lar seg penetrere med dronar finansiert av Norge og den britiske statsminister Keir Starmer. Det er ikkje «putinistiske medium» som rapporterer dette. Men den amerikanske avisa Business Insider.

Donald Trump vart 28. februar 2025 klar over at Zelenskyj er ein gal mann som verken har kompass eller våpen som kan vinne ein krig med Russland. Men han har fått norske skattepengar til å lage droner som kan få russarane til å bruke sine Tu-22M3M, og slik dra USA inn i ein tredje verdskrig.

Difor gav Trump ordre til Pentagon om ikkje, eg gjentar: ikkje, stanse militær støtte til Ukraina. Og slik bli skulda for å være Putin sin beste ven. Men tvert om gje Ukraina GPS-koodinat til ufarlege mål. Ukrainarar bak hekken i Sibir viste ikkje kvar dronene ville lande, kva mål NATO no hadde gitt dei. At det var gamle russiske utklassa bombefly, utan drivstoff, parkert utanfor hangarane som vart «øydelagde». Fly som best høyrer heime på museum, og som det kostar pengar å kvitte seg med. USA har ein stor slik kyrkjegard for utrangerte fly ved ein flybase i Nevada-ørkenen.

Trump og Putin er no mest i daglege samtalar for å unngå at Zelenskyj og det norske Stortinget skal klare å tenne lunta til russiske atomvåpen. Alle som er ute i eit sjølvmordsoppdrag, kan best puttast bak lås og slå.

Ivar Fjeld, Bergen
Tidlegare hovudtillitsmann på Haakonsvern Orlogsstasjon.

 

Kjøp «Den usynlige energikrigen. Fra Kennedy-attentatet til Nord Stream-sabotasjen» av Alf R. Jacobsen her!

Den usynlige energikrigen av Alf R. Jacobsen

 

OSZAR »

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.

OSZAR »